søndag, 26.09.2021  
  
Startside
Steinkjer igjennom 4000 år
Introduksjon
Eldre steinalder
Yngre steinalder
Bronsealder
Eldre jernalder
Yngre jernalder
År 1000-1500
År 1500-1850
År 1850-1900
År 1900-1940
År 1940-1945
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Steinkjer by
Skoler
Naturressurser og kulturlandskap
Kulturhistoriske filmer
Linker
Om Prosjektet
 
   Forrige Neste   

Overnatting i telt

Forfatter: Reidar Rostad

Vi sette opp telta nær vegen i Sør-Li. Vi hadde det triveleg i den vesle teltleiren. Det skorta ikkje på mat. Og favorittmåltidet var sluring, som vi kokte over bålet. Alle bidrog med det meste dei hadde av matvarer oppi denne sluringen, men Johan var nok den som skaffa mest. I storkjelen kom det etter kvart kjøtt og flesk, rømme, smør, havregryn, mysost, mjøl, og eg veit ikkje kva. Men det smakte fortreffeleg, metteleg var det óg for slitne moltplukkarar.

Vi samla tørt vedfang, stokkar og greiner og brende bål til bortimot midnatt. Og dei gode historiene velta fram frå dei gamle i dei seine kveldstimane. Karl Vada var den store forteljaren med historier frå fjern og nær.
Fullt så hyggeleg var det ikkje å legge seg for å få litt søvn. Det hadde kome kulde med nattefrost. Helge og Tordis hadde ein sovepose, men vi andre hadde ikkje noko så moderne. Eg hadde ei regnkappe over meg i teltet, og hutra og fraus mye og sov lite. Men når morgonen kom, rista vi fort av oss kjølda i kroppen.

Grensepass og gassgenerator
Motorstopp
Overnatting i telt
Molteplukking
Tilbaketuren