mandag, 27.09.2021  
  
Startside
Steinkjer igjennom 4000 år
Introduksjon
Eldre steinalder
Yngre steinalder
Bronsealder
Eldre jernalder
Yngre jernalder
År 1000-1500
År 1500-1850
År 1850-1900
År 1900-1940
År 1940-1945
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Steinkjer by
Skoler
Naturressurser og kulturlandskap
Kulturhistoriske filmer
Linker
Om Prosjektet
 
   Forrige Neste   

Molteplukking

Forfatter: Reidar Rostad

Og så molta da. Det var no den vi hadde komi hit for. Det var å bu seg med koppar og dra ut. Dei eldste hadde blyer. Vi andre monterte meis på åttingar som vi tok på ryggen. Det vart lange turar i fjellet nær Lauvsjøvola, men vi heldt oss i legre terreng på grunn av frosten som hadde vori. Vi trefte ikkje på dei store molt-romma dei to første dagane. Mest synd for dei som drog heim etter andre dagen, men noko molt fekk dei no med seg. Helge Hansen, Tordis, far og eg vart igjen, og skulle vera ut veka.

Og tredje dagen slo det til. Kauk frå Helge varsla om at her var det noko. På ei svak hellande myr gulna det av molt fleire hundre meter oppover, ein drøm for ein moltplukkar, nok til oss og mange til. Her plukka vi eit par dagar og fekk alle koppar fulle. Moltbørene var tunge, og vegen lang ned til telta. Medan eg bar på ein åtting, hadde Helge og far blyer som tok det dobbelte. Siste dagen vart det tid til litt fisking. Ei bjørkesveip og angel med mark på snøret var nok til å få bitt. Liauren er stor og har fint, raudt kjøtt.

Grensepass og gassgenerator
Motorstopp
Overnatting i telt
Molteplukking
Tilbaketuren