tirsdag, 18.05.2021  
  
Startside
Steinkjer igjennom 4000 år
Introduksjon
Eldre steinalder
Yngre steinalder
Bronsealder
Eldre jernalder
Yngre jernalder
År 1000-1500
År 1500-1850
År 1850-1900
År 1900-1940
År 1940-1945
Steinkjer by
Skoler
Naturressurser og kulturlandskap
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Kulturhistoriske filmer
Linker
Om Prosjektet
 
   Forrige Neste   

Kvifor lage gryter av kleberstein?

Forfattar: Bodil Østerås

Kleberkar med meiselspor i vifteform på innsida og med eit steinhoggarmerke ripa inn på randen. Utsida er glatta til. Karet er funne ved Havstad i Aust-Agder. Foto: Universitetets Oldsakssamling

Bergarten kleberstein er så mjuk at den kan skjærast i med kniv eller formast av anna reiskap av metall. I tidlegare tider vart det truleg nytta hardare bergartar som kvarts og flint til å forme kleberstein. På grunn av eit nokså høgt talkinnhald kan overflata kjennast feit og glatt. Bergarten har den eigenskapen at den tåler temperaturar heilt opp mot 1550 ⁰C, og i tillegg kan den kjølast raskt ned utan å slå sprekker. Kleberen held i tillegg lenge på varmen, og alt dette er fantastiske eigenskapar for ei gryte: Klebersteinsgryta kunne settast direkte i eldstaden utan å sprekke, talkinnhaldet gjorde at grauten ikkje brente seg fast, den fantastiske eigenskapen til å ta opp varme gjorde at innhaldet i gryta kokte raskt opp og grauten held seg varm lenge etter at den var tatt bort frå flammane. Etterpå var det berre å vaske av gryta og bruke den gong etter gong.

Kleberstein
Bruken av kleber: Steinalder
Bronsealder
Jernalder
Mellomalderen
Slipsteinsberget
Namnet Slipsteinsberget
Kvifor lage gryter av kleberstein?
Gryter og datering
Emne i bergveggen
Etterarbeid
Døypefontar
Bygningsstein
Kjelder