tirsdag, 18.05.2021  
  
Startside
Steinkjer igjennom 4000 år
Introduksjon
Eldre steinalder
Yngre steinalder
Bronsealder
Eldre jernalder
Yngre jernalder
År 1000-1500
År 1500-1850
År 1850-1900
År 1900-1940
År 1940-1945
Steinkjer by
Skoler
Naturressurser og kulturlandskap
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Kulturhistoriske filmer
Linker
Om Prosjektet
 
   Forrige Neste   

Gryter og datering

Forfattar: Bodil Østerås

Ulike gryteformer frå yngre jernalder. Foto etter Arne Skjølsvold 1961

Forma på gjenstandar endrar seg med tida. Ved å arbeide seg bakover i historia kan ein sette saman lange rekker av desse endringane og få det arkeologane kallar ei typologisering av utviklinga. Dette gjeld og for forma på gryter, anten dei er av kleber, keramikk, jern, bronse eller anna materiale. Etter som stein vanskeleg let seg datere i seg sjølv, har det vore vanleg å bruke desse typologiske rekkene til å samanlikne forma på gryter av stein med samtidige andre kar. Tanken bak denne dateringsmetoden var at klebersteinsgryter var ei lokal etterlikning av gryter av meir kostbart materiale. På denne måten har ein laga ei typologisk rekke for klebersteinsgryter gjennom heile jernalderen. Ein annan måte å datere grytene på er om dei blir funne saman med gjenstandar av organisk materiale. Da kan ein ved hjelp av C14 –metoden få datert denne artefakten og om det er ei direkte kopling mellom det organiske og klebersteinsgjenstanden går ein ut frå at desse var i bruk om lag samstundes.

Kleberstein
Bruken av kleber: Steinalder
Bronsealder
Jernalder
Mellomalderen
Slipsteinsberget
Namnet Slipsteinsberget
Kvifor lage gryter av kleberstein?
Gryter og datering
Emne i bergveggen
Etterarbeid
Døypefontar
Bygningsstein
Kjelder