tirsdag, 18.05.2021  
  
Startside
Steinkjer igjennom 4000 år
Introduksjon
Eldre steinalder
Yngre steinalder
Bronsealder
Eldre jernalder
Yngre jernalder
År 1000-1500
År 1500-1850
År 1850-1900
År 1900-1940
År 1940-1945
Steinkjer by
Skoler
Naturressurser og kulturlandskap
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Kulturhistoriske filmer
Linker
Om Prosjektet
 
   Forrige Neste   

Døypefontar

Forfattar: Bodil Østerås

Den gamle døypefonten i Skei kyrkje er laga av kleberstein frå Slipsteinsberget. Foto: Harald Duklæt

Det er to runde uttak i Slipsteinsberget som er av mykje større dimensjon enn dei andre. Dette er store, sirkulære avtrykk som er over ein meter i diameter. Dette kan vere døypefontar, og det viser seg at to kyrkjer, Skei og Henning har gamle døypefontar av kleber. Kyrkjene har Slipsteinsberget som nærmaste klebersteinsførekomst. Dei to døypekara er heilt like i storleik og form, og må vere laga av same person. Dei består av ein rund kumme som er litt over 50 cm i diameter. Den er av hard, gul kleber og heilt utan ornamentikk. Dei står på eit kompakt fotstykke og er om lag 45 cm høge. Basert på storleik, form og manglande dekor er dei datert til tida mellom 1250 og 1275.

Kleberstein
Bruken av kleber: Steinalder
Bronsealder
Jernalder
Mellomalderen
Slipsteinsberget
Namnet Slipsteinsberget
Kvifor lage gryter av kleberstein?
Gryter og datering
Emne i bergveggen
Etterarbeid
Døypefontar
Bygningsstein
Kjelder