søndag, 26.09.2021  
  
Startside
Steinkjer igjennom 4000 år
Introduksjon
Eldre steinalder
Yngre steinalder
Bronsealder
Eldre jernalder
Yngre jernalder
År 1000-1500
År 1500-1850
År 1850-1900
År 1900-1940
År 1940-1945
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Steinkjer by
Skoler
Naturressurser og kulturlandskap
Kulturhistoriske filmer
Linker
Om Prosjektet
 
   Forrige Neste   

Allierte kjem til Beitstad

Forfattar: Reidar Rostad

Engelske soldatar på kaia i Namsos. Foto fra M. Hågensen.

Etter landsettinga i Namsos dukka dei engelske soldatane fort opp i Beitstad. Vi var på Jådåren da det kom bud om at vi måtte koma heim, for det skulle koma soldatar på Velle skole. I skolestua var det ein mann som for med måleband, for å måle opp kor mange det var plass til. Neste morgon vakna vi opp med engelskmenn på skolen. Dei hadde komi om natta og baska seg fram, delvis gjennom ein meter med snø fram til skolen.

Alle hadde store sauskinnspelsar, og var vide som ein polfarar. Eit feltkjøkken vart sett opp ved burstroppa. Dei to kokkane måtte ha hjelp frå kjøkkenet vårt med vatn og oppvask. Og vi vart godt kjent med dei. Ein alvorleg soldat stod vakt på verandaen ved sida av ei mitraljøse på eit stativ. I gangen var det stabla 30 cm lange granatar, men vi såg ingen granatkastar eller kanon. Rykter sa at eit engelsk skip med utstyr var senka. Engelskmennene slo seg til ro på skolen. Ein del moro var det og. Vi sparka fotball i djupsnøen, og Andreas tok dei med til Vellabakken og synte dei skihopp. Engelskmenne kunne ikkje å gå på ski. Ein høgre offiser, som kom på besøk, vart sett på eit par ski nede i lia. Det vart knall og fall, og den raudbrema offiserslua fauk høgt opp i lufta med snøspruten.

Innleiing
Befalsskoleelevane
Dei allierte stig i land
Allierte kjem til Beitstad
Meir alvor
Bomba ved Kvarving
Evakuering
Stor militær aktivitet i Sprova
Trefningen ved Hjellneset 1
Trefningen ved Hjellneset 2
Trefningar i Kvarvingsdalen 1
Trefningar i Kvarvingsdalen 2
Skyting ved Ner-Hjellan
Alliert tilbaketrekking