søndag, 26.09.2021  
  
Startside
Steinkjer igjennom 4000 år
Introduksjon
Eldre steinalder
Yngre steinalder
Bronsealder
Eldre jernalder
Yngre jernalder
År 1000-1500
År 1500-1850
År 1850-1900
År 1900-1940
År 1940-1945
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Steinkjer by
Skoler
Naturressurser og kulturlandskap
Kulturhistoriske filmer
Linker
Om Prosjektet
 
   Forrige Neste   

Bomba ved Kvarving

Forfattar: Reidar Rostad

Østvik. Fjellanger Widerøebilde fra Steinkjer bibliotek.

Det er noe usikkert om tidspunktet for denne hendinga. Etter at bombing hadde utsletta mest heile Steinkjer, var det også frykt for bombing på bygdene. Eg opplevde, saman med engelske soldatar, at eit fly kretsa over Øvre Ulstad, fram og tilbake to gonger. Soldatane stod bleikstille i kårstua. Eit fly flaug så lågt over Vellamelen at vi såg mannskapet om bord. Ved Dalbygdkrysset kasta ungdommane seg ned langs husveggen, men ingen ting hendte.

På Kvarving var det innkvartert engelske soldatar på eit stort loft. Eit tysk fly kom lågt over Østvik mot gården. Det kom brått ein stor smell. Og frå loftet kom eit brak da soldatane kasta seg ned på golvet. Ei splintbombe gikk i bakken 200 meter frå gården, og splintar slo mot husveggen. Bomba hadde laga eit stort krater, som folk kom for å sjå utover dagen. Det er uvisst om bombemålet var gården eller eit engelsk militærlager i torvstrøfabrikken like ved. Etter dette drog dei engelske soldatane bort frå Kvarving.

Vi tok til å bli klar over at vi stod framfor ei alliert tilbaketrekking. Saman med andre ungdomar sto eg ved vegen på Vellamelen da ein engelsk tropp kom marsjerande nordover. Ein engelsk soldat kjente meg igjen, pressa fram eit smil og viste tommelen opp. Det var det siste eg såg av engelske soldatar. No er vi i ingenmannsland.

Innleiing
Befalsskoleelevane
Dei allierte stig i land
Allierte kjem til Beitstad
Meir alvor
Bomba ved Kvarving
Evakuering
Stor militær aktivitet i Sprova
Trefningen ved Hjellneset 1
Trefningen ved Hjellneset 2
Trefningar i Kvarvingsdalen 1
Trefningar i Kvarvingsdalen 2
Skyting ved Ner-Hjellan
Alliert tilbaketrekking