søndag, 26.09.2021  
  
Startside
Steinkjer igjennom 4000 år
Introduksjon
Eldre steinalder
Yngre steinalder
Bronsealder
Eldre jernalder
Yngre jernalder
År 1000-1500
År 1500-1850
År 1850-1900
År 1900-1940
År 1940-1945
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Steinkjer by
Skoler
Naturressurser og kulturlandskap
Kulturhistoriske filmer
Linker
Om Prosjektet
 
   Forrige Neste   

Stor militær aktivitet i Sprova

Forfattar: Reidar Rostad

Tørring gård. Fjellanger Widerøebilde fra Steinkjer bibliotek.

I Sprova var det stor militær aktivitet i aprildagane. Agnes Tørring fortel: Til Tørring kom det ein tropp på 20 norske soldatar søndag 14. april. Dei skulle vakte ei sperring i Tørringdalen, der eit sivilt mannskap hadde felt tre over vegen. Denne sperringa vart fjerna dagen etter. Natt til 16. april kom eit norsk kompani på 180 mann frå Følling. Dei slo leir på Tørring med feltkjøkken og utstyr, men mange var innkvartert på andre gårder i Sprova. Dei fekk ordre om å returnere 18. april, men avreisa vart utsett ein dag, bl.a. for at dei skulle få bade.

Det vart fyrt opp i mastua, og ordna med vasstampar. Natta etter oppstod det brann i mastuveggen, som hadde vorti sterkt oppheita. Men brannen vart oppdaga av vaktsoldatar og sløkt. Folket på gården var glad for at soldatane vart var brannen fort, elles kunne det ha oppstått storbrann, og husa vorti svidd av.

23. april kom det nytt besøk til Tørring. Det var om lag 40 engelske soldatar som slo leir der. No syntes familien det vart for utrygt heime. Dei evakuerte til Linåsve. Fjøskar og taus vart tilbake for stell av krøtter. Leopol tok seg turar heim og hjelpte til. Dei engelske soldatane var på Tørring til ca 1. mai. Da dei drog la dei att ein god del utstyr langs vegen, og det vart plukka opp av tilfeldige folk.

Gudrun Almli fortel at folk frå Hjellanområdet drog nordover. På Skjæringa hos Melland var det fullt av folk. Men etter bombinga av Steinkjer, kom det bud om evakuering. Folk frå stue og loft slengde på seg kleda og drog i all hast mot fjellbygda og Almlia. Etter dette rykka engelske soldatar inn på Skjæringa.

Innleiing
Befalsskoleelevane
Dei allierte stig i land
Allierte kjem til Beitstad
Meir alvor
Bomba ved Kvarving
Evakuering
Stor militær aktivitet i Sprova
Trefningen ved Hjellneset 1
Trefningen ved Hjellneset 2
Trefningar i Kvarvingsdalen 1
Trefningar i Kvarvingsdalen 2
Skyting ved Ner-Hjellan
Alliert tilbaketrekking