mandag, 27.09.2021  
  
Startside
Steinkjer igjennom 4000 år
Introduksjon
Eldre steinalder
Yngre steinalder
Bronsealder
Eldre jernalder
Yngre jernalder
År 1000-1500
År 1500-1850
År 1850-1900
År 1900-1940
År 1940-1945
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Steinkjer by
Skoler
Naturressurser og kulturlandskap
Kulturhistoriske filmer
Linker
Om Prosjektet
 
   Forrige Neste   

Trefningen ved Hjellneset 1

Forfattar: Reidar Rostad

Hjellneset. Foto: Beitstaden Historielag
Hjellneset. Foto: Beitstaden Historielag

Det skulle snart bli militære trefningar i Sprova. Den engelske frontlina gikk ved Hjellneset. Den militære strategien syntes å vera at allierte styrkar skulle stanse tysk framrykking mot Namsos her, medan norske troppar hadde same oppgave i Følling og Stod. Gunnar Vada opplevde kampane på nært hold og fortel om spennande dagar sist i april. Uroa førte til at folk som budde nede ved vegen evakuerte. Til Øvre Hjellan kom familiane Westin og Bårdseth frå Hjellneset. Det kom og slektningar frå Trondheim. Det var 3 babyar mellom dei evakuerte. Under dei militære trefningane søkte dei ly i kjellaren og følte seg trygge der, da kjellarmurane var bortimot ein meter tjukke. Johan Vada var forsyningssjef i bygda. Og frå Hjellneset vart det kjørt opp varer som vart lagra i buret på Hjellan.
Arvid Elden fortel at det kom påbud frå lensmannen om å hogge opp is på riksvegen. Det skulle koma alliert artilleri nordfra. Medan folk held på med dette arbeidet, kom Helmer Liland og ropte: ”Tyskarane kjem!” Folk kom seg da fortast mogleg frå vegen og drog heim. Folk minnest godt den første sykkelpatruljen som kom. På Vellamelen vart det spurt etter vegen til kyrkja, - recht eller links. Det vart svara links, som var nordover. Hadde dei tenkt å snu og returnere Sør-Beitstad-vegen?

Innleiing
Befalsskoleelevane
Dei allierte stig i land
Allierte kjem til Beitstad
Meir alvor
Bomba ved Kvarving
Evakuering
Stor militær aktivitet i Sprova
Trefningen ved Hjellneset 1
Trefningen ved Hjellneset 2
Trefningar i Kvarvingsdalen 1
Trefningar i Kvarvingsdalen 2
Skyting ved Ner-Hjellan
Alliert tilbaketrekking