søndag, 26.09.2021  
  
Startside
Steinkjer igjennom 4000 år
Introduksjon
Eldre steinalder
Yngre steinalder
Bronsealder
Eldre jernalder
Yngre jernalder
År 1000-1500
År 1500-1850
År 1850-1900
År 1900-1940
År 1940-1945
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Steinkjer by
Skoler
Naturressurser og kulturlandskap
Kulturhistoriske filmer
Linker
Om Prosjektet
 
   Forrige Neste   

Trefningen ved Hjellneset 2

Forfattar: Reidar Rostad

Hjellneset - bakeriet i kjellaren lengst bort. Foto: Beitstaden Historielag
Hjellneset - bakeriet i kjellaren lengst bort. Foto: Beitstaden Historielag

Da denne patruljen på 5 mann kom syklende langs Hjellberga, opna engelskmennene skyting frå bakeributikken på Hjellneset, der dei hadde mitraljøsepost i andre etasje. Ein tysk soldat vart alvorleg såra, og døde etter kort tid, ein annan vart tatt til fange. Tre tyske soldatar vann å snu og returnere Sør-Beitstad-vegen mot Steinkjer.

Odd Sæther skriv at han ein dag vart spurt om å vera med til Hjellneset, da eit stort slag skulle vera på gong der. Dei kom fram etter at skytinga var over. Han var med på avhøret av den tyske fangen. Bjarne Sæther fortel at den døde tyske soldaten vart gravlagt på Elda gamle kyrkjegård, under verdige militære æresbevisningar. Engelsk feltprest forretta med vanleg rituale. Namnet på soldaten var Herman Wiche, og seremonien gjorde eit sterkt inntrykk på Bjarne, som nokså tilfeldig vart vitne til denne begravelsa, eit paradoks til dei nådelause krigshandlingane.

Arvid Elden fortel at ein dag kjørte ein engelsk militærbil sørover med engelske soldatar på lasteplanet. Dei hadde ein presenning over seg. Da kom det eit tysk fly som ”pepra og skaut” med maskingevær fram etter Osberga.

Innleiing
Befalsskoleelevane
Dei allierte stig i land
Allierte kjem til Beitstad
Meir alvor
Bomba ved Kvarving
Evakuering
Stor militær aktivitet i Sprova
Trefningen ved Hjellneset 1
Trefningen ved Hjellneset 2
Trefningar i Kvarvingsdalen 1
Trefningar i Kvarvingsdalen 2
Skyting ved Ner-Hjellan
Alliert tilbaketrekking