mandag, 27.09.2021  
  
Startside
Steinkjer igjennom 4000 år
Introduksjon
Eldre steinalder
Yngre steinalder
Bronsealder
Eldre jernalder
Yngre jernalder
År 1000-1500
År 1500-1850
År 1850-1900
År 1900-1940
År 1940-1945
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Steinkjer by
Skoler
Naturressurser og kulturlandskap
Kulturhistoriske filmer
Linker
Om Prosjektet
 
   Forrige Neste   

Trefningar i Kvarvingsdalen 1

Forfattar: Reidar Rostad

Nedre Kvarving. Fjellanger Widerøebilde fra Steinkjer bibliotek

Torleif Kvarving fortel at i torvstrøfabrikken i nordenden av Kvarvingsmyra var det eit engelsk militærlager. Der var det sengklede, vinterkleder, sauskinnspelsar og store hanskar. Sanitetsutstyr var det mye av, kanskje til eit mindre feltsjukehus. Men skytevåpen og ammununisjon var det ikkje. Ein norsk soldat stod vakt ved lageret. Bjarne Kverndal fortel at tidleg på dagen søndag 28. april kom det engelske soldatar til Østvik og ordna seg i kampstilling. Dei hadde gevær som dei sikta inn mot Østviksvingen gjennom vinduet på stua. Dei saga og hol på uthusveggen for å ha utsikt mot svingen sør for gården.

Torleif fortel at ein engelsk tropp på 10-15 mann låg ved torvstrøfabrikken. Ein tysk sykkelpatrulje av same storleik kom nordover etter Kvarvingsmyra. Folket på Kvarving stod ved trappa heime da det tok til å smelle. Broren Halvor sprang opp på kvistloftet for å få betre oversikt. Men da ei kule sprang mot loftsveggen kom han fort ned. Søstra Margit, som denne søndagen hadde komi på ski frå Øvre Yttervik, var snar til å spenne på seg skiene for å dra tilbake. Torleif, som var 12 år. Vart skremt og la på sprang etter ein ”frauveg” som var oppkjørt i snøen. Dette vart sett av tyskarane som skaut villig vekk oppover, så kulene kvein rundt rømlingen. Frå gården ropte dei: ”Kast deg ned!” Han så gjorde. Men skytinga held fram, og snøspruten stod over frauvegen.

Innleiing
Befalsskoleelevane
Dei allierte stig i land
Allierte kjem til Beitstad
Meir alvor
Bomba ved Kvarving
Evakuering
Stor militær aktivitet i Sprova
Trefningen ved Hjellneset 1
Trefningen ved Hjellneset 2
Trefningar i Kvarvingsdalen 1
Trefningar i Kvarvingsdalen 2
Skyting ved Ner-Hjellan
Alliert tilbaketrekking