søndag, 26.09.2021  
  
Startside
Steinkjer igjennom 4000 år
Introduksjon
Eldre steinalder
Yngre steinalder
Bronsealder
Eldre jernalder
Yngre jernalder
År 1000-1500
År 1500-1850
År 1850-1900
År 1900-1940
År 1940-1945
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Steinkjer by
Skoler
Naturressurser og kulturlandskap
Kulturhistoriske filmer
Linker
Om Prosjektet
 
   Forrige Neste   

Trefningar i Kvarvingsdalen 2

Forfattar: Reidar Rostad

Tysk hjelm med kulehol. Foto: Harald Duklæt

Etter at skytinga stoppa opp, drista han seg fram til gården. Der hadde dei sett at ein tysk soldat hadde stupt ved torvstrøfabrikken. Etter dette samsnakka folket på gården kva dei skulle gjera. Dei vart enige om at ungane skulle dra til søstra på Vangberg. Dei la turen mot Vellamelen og opp Yttervikbakkane. Da dei kom ned på vegen, kom to engelske soldatar slepande på ein død tysk soldat. Dei hadde tak i kvar sin fot og slengde tyskeren frå seg på vegkanten ved Østvikbrua.

To andre engelske soldatar kom med ein soldat mellom seg. Han var såra i ein fot. Kanskje var foten avskoten? Det er noko usikkert om denne soldaten var engelsk eller tysk. Blodspora gikk frå øverst i dalen ned til Østvikbrua. Den døde tyske soldaten vart seinare på dagen henta av engelskmennene.

Ved Vikan møtte ungane ein større engelsk styrke, 60-70 mann, som låg i stilling bak ein tømmerlund. Seinare opplysningar går ut på at det var ein tysk soldat drept i denne trefningen, og ein såra og tatt til fange. Vellamelen var ikkje heilt tom for folk den dagen, og dei såg at ein engelsk militærbil hadde med seg ein såra tysk soldat, og kanskje ein som var død med seg i bilen.

Det store lageret ved torvstrøfabrikken fekk engelskmennene flytta nordover, men noen få klesplagg vart igjen, bl. a. eit par lange hanskar, som Torleif tok vare på og selde til broren for 25 øre. Han hadde motorsykkel og fekk god bruk for dei.

Innleiing
Befalsskoleelevane
Dei allierte stig i land
Allierte kjem til Beitstad
Meir alvor
Bomba ved Kvarving
Evakuering
Stor militær aktivitet i Sprova
Trefningen ved Hjellneset 1
Trefningen ved Hjellneset 2
Trefningar i Kvarvingsdalen 1
Trefningar i Kvarvingsdalen 2
Skyting ved Ner-Hjellan
Alliert tilbaketrekking